Hei
Ser at dette er både nyttig og gir litt guts... skal fortelje litt om meg..
Er 39 år i dag (1.april) - har fire born på 19, 17, 14 og 5 (også i dag) Bur åleine med dei men har kjæreste - ein god ein. Arbeider som konsulent og lærar.
Har det i perioder for travelt og stressande og trur det skaper litt problem, men er glad i å trene og det gir litt overskudd..
Slankehistoria er vel at for 5 år sidan når eg fekk attpåklatten, så satt eg igjen med 5-6 kg som liksom ikkje vil sleppe taket. Har klart å fjerne nokon i perioder, men er fort gjort å berre gå opp igjen.
Syns det er verre å gå ned no en før i livet (då tok eg ei veke på nutrilett også var liksom alt i orden... no hjelper ikkje det så godt lenger, går berre opp igjen)
Er i ferd med å bli ein jo-jo-slanker noko som er litt skremmande og ikkje særlig fristande.. derfor eit ærlig forsøk (igjen) på ei skikkelig endring.
Har eit nokså bra og ok kosthold, sånn til daglig, MEN helgene: er glad i vin om lørdagen, smågodt med vesla og noko godt i grytene.. må nok begrense det litt..
Desutan har det vore ein del hotell-turer i forbindelse med jobb og då skjer jo to ting; ein mister treninga og et dobbelt så masse... her må eg lage meg nokon strategier.. (har allttid treningsklær med i bagen.. men dei får sjeldan lufta seg, er liksom så travelt på "seminar" også blir det litt vin og kos i staden)
er no 72,8 kg. Skal bli 65 før sommaren (aller helst neste veke

) og bli der. Skal belønne meg sjølv med noko kjekt når eg kjem under 69 som er første delmål.. lenge sidan eg var der.
Ellers er interessene; bøker (krim), strikker, tur i fjellet (DNT) - vere ute.. litt hage (bør bli litt meir) hus og heim.
Gler meg til å bli kjent, gå ned i vekt (få klærne til å sitte litt stiligare..) og sjå alle sin framgong..